Program 2023-2027
Kjære veljar
Dei neste fire åra er det ei stor utfordring som peikar seg ut for Suldals samfunnet: Folketalsutviklinga. Trenden har vore den same i fleire år, men i 2025 vil det for første gong vera fleire Suldølar over 67 år, enn under 18 år. Skal ein snu denne trenden, kan vi ikkje berre halda fram med de me har gjort dei siste 8 åra.
Vår situasjon er ikkje unik i distrikts-Norge, men vi har eit fortrinn når det gjeld økonomi og naturresursar. Men det må endringar til, og me må våga å prøva. Suldal Arbeidarparti meiner nøkkelen ligg i at kommunen tek eit meir aktivt grep når det gjeld nærings- og samfunnsutvikling. For med tilgangen vår til rein energi ligg alt til rette for at Suldal skal spela ein viktig rolle i det grøne skiftet - gjennom vidareutvikling av eksisterande næring og gjennom nye industrieventyr. Men ingenting skjer av seg sjølv. Me må arbeida aktivt for å leggja til rette for verdiskaping, og me må legga til rette for at folk kan bu og trivast i heile kommunen.
Suldal Arbeidarparti har tru på sterke fellesskapsløysingar fordi me får til meir saman enn kvar for oss. Og i åra som kjem må me arbeida i lag for å sikra framtida vår. Her kan du lesa meir om korleis Suldal Arbeidarparti vil rekruttera fleire Suldølar, sikra gode kommunale tenester, sørga for levande grender, eit aktivt næringsliv og ei berekraftig forvalting av felles resursar.
Bulyst, blilyst og rekruttering
Vår største utfordring dei neste fire åra er folketalet. Vi må snu trenden med færre Suldøler i arbeidsfør alder. Både bedriftene og det offentlege treng kvalifisert arbeidskraft om vi skal sikra verdiskaping og eit godt kommunalt tenestetilbod i åra som kjem. Skal vi få til dette må vi både gjera det attraktivt for utflytta Suldalsungdom å flytta heim, og vi må visa fram kva vi har å by på til dei som er på jakt etter eit godt liv i distrikta. Suldal Arbeidarparti vil difor:
- Styrka og etablera fleire fysiske møteplassar i alle grendene.
- Etablera ein eigen digitalplattform for rekruttering og etablering .
- Ha ein eigen innflyttarlos/rekrutteringsansvarleg i kommunen, med ansvar både for potensielle heimflyttarar og nye suldølar.
- Driva aktivt rekrutteringsarbeid også ute i Europa, slik ein gjorde med suksess på byrjinga av 2000-talet.
- Sørga for framleis låge prisar for kommunale tomter
- Vidareutvikle «leige for eige» løysinga i alle grender.
- Selja konsesjonskraft til innbyggjarane til fastpris, og slik sørga for føreseielege straumutgifter.
- Tilby gratis norskopplæring til utanlandske tilflyttarar gjennom introsenteret.
- Starta opp eit eige program for rekruttering av kvalifisert arbeidskraft i samarbeid med næringslivet, med tilpassa opplæring og arbeidstrening.
Næring og sysselsetting
I Suldal har vi erfaring, kunnskap og naturgjevne føresetnadar for å lukkast med næringsutvikling i både stor og liten skala. Men ingenting kjem av seg sjølv. Skal vi lukkast med både å oppretthalda eksisterande næring og skapa nye arbeidsplassar, må vi vi ha ein aktiv og gjennomtenkt næringspolitikk. Suldal Arbeidarparti vil difor:
- Få på plass ein strategisk næringsplan for å gjera næringsarbeidet i kommunen meir målretta, tydeleg og føreseieleg.
- Styrka nærings- og samfunnsutviklingskapasiteten i den kommunale organisasjonen
- Legga til rette for at lokalt næringsliv kan nå opp i kampen om kommunale kontraktar
- Selja konsesjonskraft til fast låg pris til næringslivet og landbruket
- Satsa på hyttesuldølen
- Sørga for tilpassa og målretta næringsareal
- Jobba for eit desentralisert utdanningssenter på Rygjatun, for å sikar næringslivet og det offentlege naudsynt kompetanse.
- Styrka sentrumsutviklinga i gata på Sand
- Styrka landbruket og lokal matproduksjon basert på lokale ressursar.
- Stimulera til auka inntak av lærlingar i privat og offentleg verksemd.
Helse og livskvalitet
Suldal har eit godt helse- og omsorgstilbod, men med store avstandar, færre hender og fleire eldre må vi arbeida smartare i framtida. Vi må satsa på førebyggjande arbeid, vi må spela på lag med frivilligheita, og vi må byggja sterke fagmiljø; Rundt legekontoret og den nye sjukeheimen på Sand, rundt Vinjarheim og rundt heimetenesta. Ei satsing på psykisk helse, og spesielt hjå ungdom, blir også viktig dei neste 4 åra. Suldal Arbeidarparti vil difor:
- Sørga for eit betre og meir tilgjengeleg psykisk helsetilbod til unge.
- Styrke helsesjukepleiartilbodet på ungdomsskulen.
- Sørga for at både den nye sjukeheimen på Sand, og Vinjarheim blir realisert slik det er vedtatt.
- Fremja aktivitet blant heimebuande unge og eldre ved å tilby møteplassar i grendene med aktivitet i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.
- Styrka folkehelsearbeidet i kommunen gjennom tilrettelegging og utvikling av lågterskeltilbod knytt til fysisk aktivitet.
- Innføra «blått-kort» - gratis tilgang til Suldal bad for alle med låge inntekter.
Barn, ungdom og oppvekst
Den viktigaste rekrutteringsjobben gjer me før ungdommane flyttar heimanfrå! Ynskjer me dei heim at, må me sørga for at det har det bra før dei dreg. I Suldal har me ikkje råd til at nokon fell utanfor, og Suldal Arbeidarparti vil difor:
- La omsynet til kva som er best for born og ungdom vega tyngst i alle saker som omhandlar oppvekst, skule og barnehagar.
- Etablera eit felles tilbod for ungdomsskuleelevar på ettermiddag og kveldstid på Sand i regi av kommunen.
- Styrka samarbeidet med Rysteg AS i arbeidet med å få ungdom ut i arbeidslivet.
- Innføra gratis SFO i heile Suldalsskulen
- Sørga for varig låge barnehageprisar
- Innføra tilbod om foreldrerettleiingskurs for alle føresette til skuleelevar på byrjinga av ungdomsskulen.
- Arbeida for å styrka og vidareutvikla Sauda vidaregåande skule som senter for vidaregåande opplæring, etter- og vidareutdanning i indre Ryfylke.
Kommunal forvaltning og arbeidsgjevarpolitikk
I Suldal kommune har me gode kommunale tenester, og det er dei tilsette som er vår viktigaste resurs. Mangel på kvalifisert arbeidskraft er likevel ei stor utfordring, og i åra som kjem må me jobba hardt både med rekruttering, etter- og vidareutdanning, og med å nytta dei menneskelege resursane endå betre. Suldal Arbeidarparti vil difor:
- Legga betre til rette for etter- og vidareutdanning for kommunalt tilsette.
- Sørga for at ingen kommunalt tilsette skal arbeida ufrivillig deltid.
- Driva ein aktiv rekrutteringspraksis i og utanfor kommunen
- Sørga for at det tas omsyn til aukande krav til juridisk, økonomisk og teknisk kompetanse ved tilsetjingar i kommunal forvaltning.
- At Noregs-modellen for eit seriøst arbeidsliv skal liggja til grunn for alle offentlege anskaffingar.
- At det skal stillast krav om lærlingar i alle anbod knyta til kommunale utbyggingsprosjekt.
- At det til ein kvar tid skal vera minst 15 lærlingar i den kommunale organisasjonen.
Miljø og bærekraftig utvikling
Klimaendringar er den største utfordringa verda står overfor, og er eit problem som må løysast både internasjonalt, nasjonalt og lokalt. Det hastar å gjera gode klimatiltak – også i Suldal. Miljø er likevel meir enn berre klima, og Suldals naturen treng også vern og ein ei berekraftig forvaltning. Me i Suldal Arbeidarparti vil difor:
- At miljø- og klimaomsyn skal inngå som ein del av styringsgrunnlaget for alt planarbeid.
- Ha eit bevist forhold til tolegrensa når det gjeld hytteutbygging med tanke på naturmangfald og tilgang på urørt natur.
- Sørga for gode kommunale tilskotsordningar for energieffektivisering for både bedrifter, hytter og husstandar.
- Investera i fornybare energikjelder i eksisterande og nye kommunale bygg.
- Vera svært restriktive til motorisert ferdsel i fjell og utmark.
- Vera garantist for respekt for allemannsretten i Suldal kommune – ikkje minst i strandsona.
Idrett og kultur
Idrett, kultur og frivilligheita er limet i samfunnet vårt, og Suldal kommune skal halda fram med å satsa på det som bind oss i lag. Fordi det skapar trivsel og vekst, det førebyggjer utanforskap og det bidrar til betre folkehelse. Me i Suldal Arbeidarparti vil difor:
- Føra vidare ein god kulturskule og ei god distriktsmusikarordning.
- Støtta arbeidet til frivillige lag og organisasjonar, særleg det som rettar seg mot barn og unge.
- Ta vare på kulturarven vår og samstundes gje plass til fleirkulturelt fellesskap.
- Inngå ein fast avtale med idrettslaget i Suldal om drift av langrennsstadion og snøkanonar på Gullingen.
- Sørgs for føreseieleg støtte til oppkøyring av skiløyper.
Kommunikasjon og infrastruktur
Gode og trygge vegar og kommunikasjonar er svært viktig for næringslivet, for turistar og for innbyggarane i Suldal. Dei siste åra har utfordringane med Suldals-vegane blitt tydelegare enn nokon gang, og det hastar få på plass både kortsiktig rassikring, og langsiktige løysingar. Me i Suldal Arbeidarparti vil difor:
- Halda fram med å driva aktive påverknadspolitikk mot fylkeskommune og Storting til tunellen er på plass i Rødsliane.
- Jobba vidare for betre rassikring og utbetring av Rv 13 mellom Suldalsosen og Nesflaten.
- Kjempa for gode kollektivtilbod der hurtigbåten til Sand/Sauda utgjer berebjelken i tilbodet, samt eit godt busstilbod både i og rundt kommunen.
- Arbeida for gang- og sykkelveg mellom Steine og Vinjar skule.
- Arbeida for meir fleksible ruter og nye smarte kollektivløysingar som bildeling, «hent meg»/tingingsbuss, etc.
- Sørga for tilfredsstillande breiband og mobildekning over heile kommunen.
-
Kommunikasjon og infrastruktur
Kommunikasjon og infrastruktur
-
Idrett og kultur
Idrett og kultur
-
Miljø og berekraftig utvikling
Miljø og berekraftig utvikling
-
Kommunal forvaltning og arbeidsgjevarpolitikk
Kommunal forvaltning og arbeidsgjevarpolitikk
-
Helse og omsorg
Helse og omsorg
-
Barn, ungdom og oppvekst
Barn, ungdom og oppvekst
-
Næring og sysselsetjing
Næring og sysselsetjing