Barn, ungdom og oppvekst
Barn, ungdom og oppvekst
Å investera i oppvekst er å investera i framtida! Me må ha som mål at alle ungar skal trivast i Suldal, for me har ikkje råd til at nokon fell utanfor.
Suldal Arbeidarparti vil difor:• Ha trivsel som eit overordna mål i både skular og barnehagar.• La omsynet til kva som er best for born og ungdom vega tyngst i alle saker som omhandlar oppvekst, skule og barnehagar.• Sørga for betre koordinering av ulike aktørar i møte med barn og unge som slit.• Styrka tidleg innsats for å avdekka utfordringar og setje inn hjelpetiltak.• Styrka den faglege kompetansen til tilsette i skule og barnehage når det gjeld psykisk helse, mobbing og læringsmiljø.• Styrka støtteordningar for familiar slik at økonomiske føresetnader ikkje hindrar deltaking i fritidsaktivitetar.• At det blir lagt til rette for at born av flyktningar raskt kjem i gong med fritidsaktivitetar.