Helse og omsorg
Helse og omsorg
Suldal har eit godt helse- og omsorgstilbod, men me bur i ein kommune med store avstandar, ei primærhelseteneste med aukande mengde oppgåver, og stadig fleire eldre. For å sikra gode helse- og omsorgstenester i Suldal også i framtida, vil Suldal Arbeidarparti difor:• Føra ein aktiv eldrepolitikk med gode og individuelt tilpassa helse-,pleie- og omsorgstilbod.• Auke bruken av velferdsteknologi til innbyggjarar som har behov, slik at dei opplever auka tryggleik i kvardagen.• Fremja aktivitet blant heimebuande unge og eldre ved å tilby møteplassar med aktivitet i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.• Styrka folkehelsearbeidet i kommunen gjennom tilrettelegging og utvikling av lågterskeltilbod knytt til fysisk aktivitet.• Gjennomføra tiltak for å redusera bruken av vikarbyrå.