Kommunal forvaltning og arbeidsgjevarpolitikk
Kommunal forvaltning og arbeidsgjevarpolitikk
Skal me sikra ein framleis god kommuneøkonomi må me vera nøye med korleis me forvaltar fellesskapets midlar. Dette handlar både om utbyggingar, investeringar og avtalar, men også om korleis ein utnyttar kommunens viktigaste kapital – dei tilsette.Suldal Arbeidarparti går difor inn for:
• At ingen kommunalt tilsette skal arbeida ufrivillig deltid.• At det til ein kvar tid skal vera minst 15 lærlingar i den kommunale organisasjonen.• At det skal stillast krav om lærlingar i alle anbod knytta til kommunale utbyggingsprosjekt.• Å driva ein aktiv rekrutteringspraksis i og utanfor kommunen - spesieltretta mot sjukepleiarar og lærarar.• At kommuneadministrasjonen skal ha nødvendig kompetanse til å planleggja og styra store utbyggingsprosjekt.• At det tas omsyn til aukande krav til juridisk, økonomisk og teknisk kompetanse ved tilsetjingar i kommunal forvaltning.