Kommunikasjon og infrastruktur
Kommunikasjon og infrastruktur
Gode og trygge vegar og kommunikasjonar er svært viktig for næringslivet, for turistar og for innbyggarane i Suldal.
Me i Suldal Arbeidarparti vil difor:
• Driva aktiv påverkingspolitikk mot fylkeskommune og Storting for å syta for rassikring og utbetring av Rv 13 på strekninga Erfjord - Sand og på Suldalsvegen.• Kjempa for gode kollektivtilbod der hurtigbåten til Sand/Sauda utgjer berebjelken i tilbodet, samt eit godt busstilbod både i og rundt kommunen.• Arbeida for gang- og sykkelveg slik at alle skuleungar skal ha ein trygg skuleveg.• Arbeida for å realisere tursti frå Suldalsosen til Sand.• Arbeida for innføringa av den kollektive «hent meg» buss-ordninga.• Sørga for tilfredsstillande breiband og mobildekning over heile kommunen.