Næring og sysselsetjing
Næring og sysselsetjing
Verdiskaping er nøkkelen til eit levande lokalsamfunn. Me må difor både leggja til rette for næringsutvikling og for at alle får høve til å bidra til fellesskapet.
Suldal Arbeidarparti vil difor:• Aktivt støtta bedriftsetableringar og nye arbeidsplassar.• Auka næringslivskompetansen i den kommunal organisasjonen for å kunne driva ein meir aktiv og utoverretta næringsutvikling.• Bygga nettverk og styrka samarbeidet mellom kommunen og næringslivet gjennom årlege samlingar.• Satsa på hyttesuldølen.• Styrka turistsenteret ved Sandsfossen.• Sørga for at alle som har vore lenge utan arbeid får tilbod om arbeidstrening og kompetanseheving som kan kvalifisere til ordinert arbeid.• Styrka landbruket og lokal matproduksjon basert på lokale ressursar.• Stimulera til auka inntak av lærlingar i privat og offentleg verksemd.• At flyktningar raskt får tilbod om arbeid, arbeidstrening eller skulegang.